23. mars 2017

Påminner om vottekveld 30.mars!


Minner om vottekveld torsdag 30.mars! 


Fra programmet hos nffo.no: 




Kva er ein norsk strikkevott? Finst det fleire sterke, norske vottetradisjonar enn selbuvotten? Korleis skil norske vottestrikketradisjonar seg frå til dømes svenske eller danske vottestrikketradisjonar? Kva typar vottar likar strikkarar å strikke i dag?

Møt forfattarane Annemor Sundbø og Nina Granlund Sæther i samtale.
Ordstyrar: Merete Jansvik Toft aka strikkebloggar Monstermønster.

Tid: torsdag 30. mars. Kl. 19:00-20:30. Dørene opnar kl. 18:30.
Stad: Uranienborgvegen 2, i lokala til NFF.
Gratis adgang! Og ta med strikketøyet! Utlodning av strikkebøker!

Annemor Sundbø er kunsthandverkar, tekstildesignar og faglærar. Sundbø overtok i 1983 sjoddyfabrikken Torridal Tweed og Ulldynefabrikk. Sidan 2011 har ...ho vore statsstipendiat for å forske på kulturhistoria til strikking. Ho har skrive fleire bøker, den siste om vottar: Norske vottar og vantar (Det Norske Samlaget, 2010).

Nina Granlund Sæther er journalist og redaktør. Ho er utdanna faglærar i forming og har skrive fleire bøker om handarbeid. Ho leverer også design til vekepressa og held føredrag om strikking. Siste bok: Votter - strikkemønstre fra hele Norge (Cappelen Damm, 2016)

Merete Jansvik Toft er kjend som strikkebloggaren Monstermønster. Ho er medlem av Vottelauget, som har skrive boka Eventyrvotter (Aschehoug, 2015).



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

TAKK for at du gidder legge igjen kommentar! Jeg leser alle kommentarer jeg får, og settes stor pris på.